Hopp til innhold
X
Innhald

Helsestellet i Gulen

Gulen sjukeheim i Eivindvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gulen sjukeheim i Eivindvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Pestplager og koppevaksine

Epidemiar kunne i gamle dagar nærmast leggje heile gardstun øyde. Noko slikt hende i 1742 på garden Kjellby ved Oppdalsøyra. Då døydde i alt 11 menneske av ein pest, og vart gravlagde same dagen.

Folk var redde for smitte. Det hende difor at folk som døydde av pest, vart gravlagde utanfor dei vanlege gravplassane. Såleis vart far og son gravlagde i utmarka på Bremnes då dei døydde av kolera i 1849. Også på den vesle øya Vatnøy vart det gravlagde fire menneske i «uvigsla» jord etter same pesten. Men tre år seinare vart denne «gudlause» handlinga retta på ved at presten vigsla plassen som gravplass.

Kring 1800 herja harde koppeepidemiar m.a. i Solund. Presten Niels Griis Alstrup Dahl starta store vaksinasjonsprogram i prestegjeldet sitt, som den gongen også omfatta søre delen av Solund kommune.

Også lepra eller spedalskhet herja som ein farsott på Vestlandet på 1800-talet - særleg i kyststroka. I Solund var det t. d. registrert 40 spillsjuke på ein gong.

Lysestaken vart medisin

I 1870 datt bonden Klaus Hansson Lund utfor Geitekleiva og braut lårbeinet. Han søkte hjelp hos distriktslegen. Legen rådde Klaus til å ta ein messinglysestake, skave av den spon - og ete metallsponet! Dette dreiv Klaus på med i eitt års tid før han døydde. Då hadde liket ei messingrand rundt låret, fortel segna!

- Om noko av dette er sant, er det mest truleg at det har vore ein «bygdedokter» på ferde, og ikkje ein universitetsutdanna lege, med slike legeråder!

Legetenesta

Dei første distriktslegane i Sogn og Fjordane vart tilsette i 1801 - dvs. ein for Fjordane og ein for Sogn. Utover 1800-talet vart legetenesta delt opp i gradvis mindre og mindre distriktsdistrikt: Frå 1877 hadde noverande Gulen felles distriktslege med Lavik, Solund og deler av Hyllestad. I 1893 vart Gulen og Solund utskilt som eige legedistrikt med kontor i Eivindvik. Då hadde Gulen hatt «tilbodet» om eigen lege heilt frå 1882, men kommunen vegra seg mot å koste eigen legebustad i Eivindvik.

Legar med moderne framkomstmiddel

Gulen er ein svært oppdelt kommune med mange øyar, fjordarmar og fjellovergangar. For distriktslegar med hastverk var dette brysamt. Difor har fleire distriktslegar i Gulen vorte nærmast pionerar på å ta i bruk moderne framkomstmiddel.

Heim for sinnslidande

I 1938 starta Ragnhild og Jørgen Midttun ein sjukeheim for sinnslidande på garden sin i Eivindvik. Dette gjorde dei etter oppmoding frå distriktslegen i Gulen på den tida, Sigurd Trædal. Heimen hadde plass til 12-13 pasientar, og var i drift fram til 1959.

Aldersheim

Gulen kommune i Gulen Sanitetslag bygde aldersheim i Eivindvik i 1960. Her var det plass til 31 klientar. Den fekk tilbygg i 1975 og fekk namnet Gulen sjuke- og aldersheim. Det var Gulen Sanitetslag som stod som byggherre og eigar av heimen, men då nybygget stod ferdig, overtok kommunen.

Elles har kommunen bygt eldretun i Brekke, Byrknes, Dalsøyra og i Eivindvik.

Dalsøyra bu- og omsorgsenter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dalsøyra bu- og omsorgsenter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gulen Helsesenter

I Eivindvik er distriktslege, helsesystre og andre omsorgstenester samla i Gulen Helsesenter.

Tannklinikk

Gulen fekk tannklinikk i Eivindvik i 1947. Det var distriktslege Hallvard Natvik som gjorde opptaket til at kommunen fekk eiga tannhelsteneste. Den første tannlegen fram til 1951 var Reidar Tveit, som seinare vart fylkestannlege og kjend ordførar i Førde.

Brekke bu- og omsorgsenter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Brekke bu- og omsorgsenter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 13.08.2010