Hopp til innhold
X
Innhald

Hermetikkfabrikken på Byrknes

Martin E. Birknes bygde i 1922 ein hermetikkfabrikk på Byrknes. Han hadde i 1913 også skipa Byrknes Snurpenotlag, som hadde eigne båtar og bruk.

Etter to år i ei sjøbu, bygde Birknes stor fabrikkbygning med eigen kai i 1925. Maskinane vart drivne av eit lite elektrisk aggregat, og i sesongane var det over 60 tilsette.Fabrikken la ned krabbe og hummar, og seinare brisling. Den hermetiske hummaren vart m.a. marknadsført under namnet «Norgeshummar».

Birknes tok også over ein hermetikkfabrikk i Bessaker i Trøndelag i mellomkrigstida og dreiv den til like etter 2. verdskrig. Martin var bror til Karl E. Birknes som dreiv landhandel og var dampskipsekspeditør i bygda. Sønene til Martin: Olav, Einar og Trygve Birknes tok over fabrikken i 1969 og dreiv den som hermetikkfabrikk til 1975. Deretter vart anlegget nytta som fiskemottak av sønene til Einar: Gjert, Frank og Cato. Dei har seinare under firmanamnet Martin E. Birkenes Eftf. AS overteke dei tidlegare anlegga til Sognefisk AS, der dei driv laksepakkeri.

Dei tidlegare anlegga til Sognefisk, som no husar Firda Seafood og Martin Birkenes Eftf. AS. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Dei tidlegare anlegga til Sognefisk, som no husar Firda Seafood og Martin Birkenes Eftf. AS. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.11.2011