Hopp til innhold
X
Innhald

Industri og næring i Gulen

Sløvåg med Mongstad på andre sikda av Fensfjorden. Nærleiken til oljeraffineriet har skapt arbeidsplassar i Sløvåg, men og dramatikk og miljøproblem. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Sløvåg med Mongstad på andre sikda av Fensfjorden. Nærleiken til oljeraffineriet har skapt arbeidsplassar i Sløvåg, men og dramatikk og miljøproblem. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Gulen kommune er ein av dei store oppdrettskommunane på Vestlandet. Det starta i det små på 1970-talet, men no er det dei store oppdrettselskapa som eig det meste. Naboskapet til oljeraffineriet på Mongstad har dei siste tiåra skapt mykje ny industri i Sløvåg, der Wergeland-gruppa også har bygd ut ein stor taksteinfabrikk. På øyane er det fiske og fiskeindustri som dominerer, og rekefiskarane frå Fureneset er kjende langs heile kysten.

SAMLESIDER:

*Bankar og trygdelag i Gulen *Fiskeri og oppdrett i Gulen *Handels- og gjestgjevarstader i Gulen *Landhandlar i Gulen *Nyare gjestgjevarstader i Gulen *Fabrikkar og verkstader i Gulen *Meieria i Gulen

ENKELTOMTALAR:

Kopargruver ved Eivindvik?

På nord-austsida av Fonnøya ved Eivindvik kan det ha vore gjort forsøk på kopardrift.

Kvern og kraft på Kløvtveit

På garden Kløvtveit har det frå eldgamle tider vore kvern.

Peder R. Sandal

– starta fargeri i Fonnevika, fargefabrikk, landhandel, var ekspeditør for Fylkesbaatane og bygde kai. Etterkomarar bygde nytt, stort forretningsbygg og marina for småbåtar like ved butikken. Eigedomane er overtekne av Eivindvik Handelshus AS.

Skreppekarar i Gulen

– omreisande skreppekarar på slutten av 1800-talet.

Takle Planteskule

vart starta i 1907.

Målarmeister Korsvold. <br>© Fylkesarkivet.

Målarmeister Korsvold.
© Fylkesarkivet.

O. A. Korsvold målarfirma

i Eivindvik vart starta i 1908 av målarmeister Ole Andreas Korsvold som budde ved Fonnevika. Han var son til den kjende kyrkje- og hotellbyggjaren Anders Korsvold. Firmaet hadde på 1950-talet store oppdrag med måling av offentlege bygningar over heile Vestlandet. M.a. måla dei Førde kyrkje då den vart restaurert i 1950.

Rekefiskarane på Furenes

Kring 1910 satsa folk på Furenes på rekefiske.

Bærdyrking i havkanten

På 1920-talet vart det skipa bærlag, og frå 2. verdskrig og utover 1950-talet var det mange bønder som satsa på frukt- og bærdyrking.

Reveavl i Gulen

Mellom dei som satsa på reveavl på 1920-talet, var også gardbrukarar i Neverdal.

Skjerjehamn Notbarkeri

i 1922 - sjå Skjerjehamn.

Tynning Planteskule

i Brekke vart starta i 1927 av Isak Tynning. Sonen Tormod Tynning tok over i 1939, og seinare overtok svigersonen Einar Nystrand. Planteskulen har sysselsett 5-6 personar i sesongen og omset både frukt, skogsplantar, bærbuskar og prydvekstar. Planteskulen vart lagd ned i 2009.

L/L Brekke Kraftlag og L/L Gulen Kraftlag

begge skipa 1939 - sjå: Kraftforsyninga i Gulen.

Rutebilane i Brekke

vart skipa i 1947 av Henrik O. Ynnesdal.

Jon Hellesund

slo seg til i Eivindvik i 1950. Han hadde skyssbåt, og dreiv også kafé og pensjonat fram til 1967.

Lovisendal Kafé

i Brekke vart starta i 1967 av Harald Ellingsen. Den starta først i forretningsbygget til Brødrene Ellingsen ved kaia, men vart i 1981 flytta til den freda hovudbygningen på Lovisendal.

G-foto

vart starta Eivindvik i 1979 av Grete og Kjell Solheim. Etter nokre år selde dei til Hans Petter Martinussen frå Byrknesnøy som dreiv det nokre år under namnet Gulen Fotosenter.

Gulen Fotosenter

– sjå G-foto ovanfor.

Ein av bilane til Johny Birkeland Transport AS.

Ein av bilane til Johny Birkeland Transport AS.

Johny Birkeland Transport AS

vart starta i 1982 av Johny Birkeland. Firmaet har spesialisert seg på slamtøming.

Septik24 AS

- sjå Johny Birkeland Transport AS.

Eivindvik Husflid

vart starta i 1996 av Borgny Solbakk og Oddny Sognefest. Seinare trekte Oddny Sognefest seg ut, og Borgny Solbakk dreiv butikken vidare åleine. Butikken sel husflidvarer og souveninar.

Byrknes Auto

transportfirma, vart starta i 2000 av Stein Inge Larsen.

Fensfjordprosjektet og hamna i Sløvåg

– m.a. stor bunkringshamn og industriområde i Sløvåg lengst sør i Gulen.

Gulen og Masfjorden Utbyggingsselskap

- sjå artikkelen Fensfjordprosjektet og hamna i Sløvåg.

Fensfjord Marine AS

- sjå artikkelen Fensfjordprosjektet og hamna i Sløvåg.

Hasan Tank AS

- sjå artikkelen Fensfjordprosjektet og hamna i Sløvåg.

Vest Tank AS

- sjå artikkelen Fensfjordprosjektet og hamna i Sløvåg.

Alexela AS

- sjå artikkelen Fensfjordprosjektet og hamna i Sløvåg.

AskADAM

på Mjømna vart starta av ekteparet Linn Dyveke og Njål Hansen Wilberg i 2008. Verksemda er ei sms-teneste som hjelper folk med informasjon frå nettleksikonet Wikipedia. I 2010 hadde AskADAM seks tilsette.

Linn Dyveke og Njål Hansen Wilberg saman med NHO-direktør John G. Bernander i samband med at dei fekk Nyskapingsprisen. Privat foto.

Linn Dyveke og Njål Hansen Wilberg saman med NHO-direktør John G. Bernander i samband med at dei fekk Nyskapingsprisen. Privat foto.

Beat.no

på Mjømna vart starta i 2011 av Simen Wilberg, Therese Trefall og Linn Dyveke og Njål Hansen Wilberg. Selskapet tilbyr landets første nettlesarbaserte streamingteneste for musikk.

Lege.no

på Mjømna vart starta i 2012 av Linn Dyveke og Njål Hansen Wilberg. Dette er ei nettbasert legeteneste der folk kan konsultere lege frå sin eigen pc eller mobiltelefon.

Gustav Baarøy AS

entreprenørselskap og fiskemottak på Dalsøyra vart starta av Gustav Severin Baarøy i 2012.

Skipavika Næringspark

Selskapet Kvantum med Lars Hellandsjø, John Torsvik og Stein Inge Larsen kjøpte i 2012 eit område på 400 mål i Skipavika. I 2013 var den første leigetakaren i næringsparken, PSW, på plass.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.06.2014