Hopp til innhold
X
Innhald

Ivar Kleiva

Ivar Kleiva held 17. mai-tale ved Dalsøyra Landhandel i 1962. © Fylkesarkivet.

Ivar Kleiva held 17. mai-tale ved Dalsøyra Landhandel i 1962. © Fylkesarkivet.

Ivar Kleiva (1903-1997) frå Eidsdal på Sunnmøre, busett på Dalsøyra. Lærar, forfattar og lokalhistorikar. Lærareksamen 1926. Lærar i Torsken 1927-1940, styrar ved Dalsøyra skule 1940-1970.

Har skrive «Med Steggen på Storegga» (1946), «Mann og mannsemne» (1940), «Hugin på vidvank» (1950), «Vågar» (1953), «Reven har lang trefot» (1957). «Det byrja med leik» (1962), «På oppdagingsferd i Sogn» (1966), «Bussen» (1968), «På ferie i utkantgrenda» (1973). Han har dessutan skrive kultursoga for Norddal kommune på Sunnmøre og gards- og ættesoga for Gulen i tre bind, fullført 1973.

Far til den kjende biletkunstaren Per Kleiva (fødd 1933), som har illustrert to av bøkene til faren.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 29.01.2021