Hopp til innhold
X
Innhald

Joachim Andreas Voss

Joachim Andreas Voss (1815-1897) fødd i Brekke som son til sorenskrivar Peter Boerhman Voss (sjå: Lovisendal). Lege og professor.

Legeeksamen i 1842, lege ved Eidsvoll Bad 1844 og reservelege ved Rikshospitalet 1846.

Han fekk statsstipend for å studere anatomi ved utanlandske universitet i 1849. Lektor ved Universitetet i Oslo 1850 og professor ved same i 1861. Kommandør av St. Olavs Orden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.03.2008