Hopp til innhold
X
Innhald

Johannes Steine

Johannes Ivarson Steine (1877-1945), forretningsmann og fabrikkeigar.

Johannes Ivarson Steine (1877-1945), forretningsmann og fabrikkeigar.

Steine hadde i 1905 starta ein trevarefabrikk i Fardal i Sogndal kommune. Steine flytta denne fabrikken til Dingja i Gulen i 1908. Han kjøpte fallrettane i Dingjeelva i 1912 frå Bergensfirmaet Behrens & Kahrs, og bygde også eit kraftverk i 1917 til drift av maskinene i Dingen Tønde- og Trævarefabrik.

Men kraftstasjonen forsynte også grannelaget i Dingja med lys og straum - lenge før resten av Gulen fekk innlagt elektrisitet.

Fabrikken produserte m.a. dører og vindauge, Steine selde fabrikken i 1918 til Peder Strand, og tok sjølv over butikk og anna aktivitet i Skjerjehamn etter svigerfaren Otto Schreuder som flytta til Bergen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 10.08.2010