Hopp til innhold
X
Innhald

Klippfisk og shoddy i Dingja

Mathias Hansson Dingen (1835-1920) var bonde og fisketilverkar i Dingja. Han starta omlag 1870-1880 kjøp av saltfisk i Nord-Noreg og starta klippfisktørking på svaberga ved Nyhamar.

I 1891 bygde sonen Hans Dingen (1866-1955) ein shoddyfabrikk i Dingja. Ein shoddyfabrikk tok imot filler og reiv dei opp til m.a. fyll i madrasser og stoppa møblar.

Fabrikken gjekk til 1898, då fallrettane i elva vart selt til Bergens-firmaet Behrens & Kahrs ved Jon Kahrs, som i 1912 selde fallrettane vidare til kjøpmann Johannes Steine som bygde kraftstasjon i 1917. Han brukte krafta m.a. til drift av Dingen Tønde- og Trævarefabrik som han hadde starta 1908.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 05.06.2008