Hopp til innhold
X
Innhald

Knagenhjelm eigde ytre Sogn

På same vis som i Hyllestad (Offisersgarden i Leirvik) og Solund (Knagenhjelm i Solund), var store delar av Gulen på 1700-talet eigd av Knagenhjelm-slekta på Kaupanger.

Desse eigedomane kom i slekta sine hender då lagmann Niels Tygesen Knag i 1710 kjøpte setegardane Kaupanger og Stedje i Sogndal, og jordegodset som tidlegare hadde høyrt til Losna-ætta i ytre Sogn.

Andre hadde samla godset

Men før Niels Knag vart eigar, var «samlarjobben» gjort av andre: Lensherren til Lister, adelsmannen Iffuer (Iver) Wind, kjøpte tidlegare norske bispegods frå den dansk-norske kongen som var komen i pengenaud etter mange krigar. Dottera til Iffuer Wind, Karen, arva foreldra sitt jordegods, som m.a. omfatta setegardane Kaupanger og Stedje, og eigedomane etter Losna-ætta. Karen Wind vart gift med krigskomissær Preben von Ahnen til Bodøgaard.

Sonen og arvingen deira, Iffuer von Ahnen, vart barnlaus, og i 1710 selde han jordeigedomane sine i Sogn til lagmann i Bergen, Niels Knag.

Knag blir Knagenhielm

Niels Knag vart adla i 1721 under namnet Knagenhielm. Niels Knagenhielm budde sjølv i Bergen, og styrde eigedomane sine i Sogn med «forstandar». Det vart m.a. denne si oppgåve å krevje inn landskylda frå gardbrukarane kringom på Knagenhjelm-godset.

Gjennom kjøp og fiffige giftarmål mellom Knagenhjelm'ar og andre fornemme familiar, gjekk mykje av desse eigedomane i tiåra som fylgde m.a. innom futen Hans Blix som budde på Flesje i Balestrand, svigersonen hans, futen Peder Leganger (sjå: Kjende personar i Balestrand fødde før 1850), og prosten Anders Daae i Vik.

Trådar til Svanøy-godset

Utanom dei store eigedomane i nordre luten av kommunen som vart kontrollerte av Knagenhjelm, var det andre jordeigarar med tilknyting til adelsgodset på Svanøy som hadde kontroll over mange gardar i den søre luten av Gulen. Ein av desse var stiftskrivar Severin (Seehusen) de Svanenhielm i Bergen. Seehusen kjøpte i 1719 Svanøy-godset og vart adla med namnet «de Svanenhielm». Men han levde over evne, og i 1726 vart både Svanøygodset og resten av det han åtte selt på tvangsauksjon. I Gulen var det då mange brukarar som nytta høvet til å kjøpe seg fri og verte sjølveigarar.

Lem-slekta jordeigarar

Elles finn ein også at kjøpmannslekta Lem i Bergen - som også hadde ei grein til godset på Frønningen i indre Sogn - var stor jordeigar i delar av Gulen tidleg på 1700-talet. M.a. bytte Elsebe Urdahl, enkja etter Søren Lem, til seg gardane Sellevåg, Lund og øyværet Kversøy i Gulen mot at den tidlegare eigaren, rector Eric Møinichen, fekk hand om ei oppgangssag på Lem-folket sitt Frønningen-gods.

Andre som forsynte seg med mykje jord i Gulen, var prestane i Eivindvik - sjå: Eivindvik prestegard.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 25.10.2011