Hopp til innhold
X
Innhald

Kongegjestingar i Gulen

Kong Christian V

vitja Eivindvik i 1685.

Ulrik Fredrik Gyldenløve

statthaldar i Noreg, vitja Eivindvik i 1695.

Kong Fredrik IV

vitja Eivindvik i 1704.

Kong Haakon VII

Kong Harald V og dronning Sonja

vitja Eivindvik 27. mai 1936. Besøket kom i stand på kort varsel. Kongen var nemleg gjest på Det Norske Skogselskap sitt årsmøte i Bergen, og det vart lagt opp til ei synfaring av eit plantefelt i Eivindvik. Kongefylgjet reiste frå Bergen med Fylkesbaaten «Nordfjord I», og det var berre så vidt bygdefolket hadde fått pynta kaia med lauv og norske flagg og fekk fyrt av salutten før kongen steig i land. Han såg på eit plantefelt på Midtun, studerte dei gamle steinkrossane ved kyrkja og den gamle samlingsstaden for Gulatinget.

Kong Harald V og dronning Sonja

vitja i juni 2002 Gulen kommune, der dei var på kulturhistorisk vandring i Eivindvik og vitja Gulating-staden på Flolid. Vitjinga gjekk inn i ei rundreise i Sogn som elles gjekk til Aurland, Årdal, Vik, Balestrand og Hyllestad. På ferda nytta kongeparet kongeskipet «Norge».

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 02.11.2011