Hopp til innhold
X
Innhald

Korgbinding i Gulen

Arne R. Rørtveit (1880-1945) var ein av dei som hadde korgbinding som ei viktig biinntekt. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Arne R. Rørtveit (1880-1945) var ein av dei som hadde korgbinding som ei viktig biinntekt. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Nokre bygdelag i Sogn og Fjordane er kjende for spesielle handverk og husflidsartiklar:

I Viksdalen i Gaular sveipte dei korger og tiner og rosemåla dei - sjå: Viksdalsmålinga som næringsveg. I Aurland laga dei sko spesielle sko - Aurlandsskoen, det same gjorde dei i Lærdal (sjå: Skofabrikk i Lærdal). Kvernsteinsbygda Hyllestad laga kvernsteinar osb.

Korgbinding i Gulen

Særleg dei indre og sørlege bygdene i Gulen var også kjende på Vestlandet for eit spesielt handverk: Korgbinding. Svært mange sysla med binding av korger og kiper om vintrane.

Korgene frå Gulen hadde ofte ein spesiell «nyreforma» fasong med ei lett utposing på kvar side av hanken. Korger og kiper frå Gulen vart oftast selde i sesongen i fiskeværa, eller i Bergen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.08.2010