Hopp til innhold
X
Innhald

Kraftforsyninga i Gulen

Dette huset i Dingja  skal vere det første privathuset i Gulen som fekk innlagt elektrisk straum. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dette huset i Dingja skal vere det første privathuset i Gulen som fekk innlagt elektrisk straum. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Samanlikna med andre kommunar i Sogn og Fjordane, kom Gulen seint i gang med kraftutbygginga. Svært mange grender i Gulen fekk ikkje elektrisitet før lenge etter 2. verdskrig. Den første store kraftstasjonen for ålmen forsyning kom i drift i 1943, og først i 1962 hadde alle bebudde øyar fått lagt inn straum.

Hestevandring

Drivkrafta til kverner, sagbruk og større maskinar vart som oftast henta frå vassfall. Men dei som ikkje budde slik til at dei hadde hadde vassfall i nærleiken, måtte ordne seg på andre måtar. Såleis måtte Konrad Olsson Kjellevoll på Dalsøyra ta i bruk ei såkalla «hestevandring» då han i mellomkrigstida starta ein liten snekkarverkstad. Hesten dreiv drivverket for maskinane i verkstaden heilt til Konrad fekk innlagt elektrisitet i 1946.

Gregorius J. Takle var ein allsidig mann. Han bygde si eiga vindmølle. Foto: Hulda Marie Bentzen. © Fylkesarkivet.

Gregorius J. Takle var ein allsidig mann. Han bygde si eiga vindmølle. Foto: Hulda Marie Bentzen. © Fylkesarkivet.

Vindmøller

Andre tok i bruk små kraftverk med vindmølledrift. Såleis bygde kjøpmann Johannes Steine i 1927 eit lite kraftverk i Skjerjehamn som vekselvis vart drive av vindmølle og oljemotor alt etter som veret var. Torkjel Sellevåg ved Brandangersundet bygde også vindmøllekraftverk i 1936, og Søren Lie på Lid fekk også elektrisk straum frå ei vindmølle frå 1940. Elles er lensmann A. Bredvik i Eivindvik registrert med eit motordrive kraftaggregat i tida 1933-1945, og ei liknande ordning hadde distriktslege Sigurd Trædal.

Dingen Tønde og Trævarefabrik, der det kom elektrisk kraft i 1917. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dingen Tønde og Trævarefabrik, der det kom elektrisk kraft i 1917. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kraftverk i Dingja

Det første fossekjøpet i Gulen skjedde i 1899, då bergensaren Jon Kahrs kjøpte vassfallet i Sellevåg og starta Bergen Træskofabrikk (Treskofabrikken i Sellevåg). Drivkrafta vart dei første åra eit vanleg vasshjul - utan elektrisk generator. Kahrs kjøpte også fallrettane i Dingjeelva, men selde dei i 1912 til Johannes Steine, som i 1917 bygd eit lite kraftverk for drift av maskinane i Dingen Tønde- og Trævarefabrik.

Felles kraftstasjon på Takle

Då det vart aktuelt å satse på eit større kraftverk til ålmenn forsyning, viste det seg tidleg at dei to kommunane Brekke og Gulen (sjå: Brekke frå og til) måtte samarbeide. I Gulen var det nemleg berre fallet frå Dingjavatnet som kunne gje litt kraft. Men Dingen låg avsides og ville krevje kostbare forsyningsliner til dei mest folkerike bygdene.

Difor satsa ein på utbygging på indre Takle, med Taklevatnet og seinare også Kløvtveitvatnet som magasin. Her hadde ein fosskjøpar, ingeniør Hertzberg, vore på ferde i 1910. Han vurderte vassfallet, men kjøpte ikkje - truleg fordi kraftmengda ikkje stod i forhold til kostnaden med kraftstasjon og vanskar med lange forsyningsliner.

Denne demninga ved Midttaklestølen stod ferdig i 1943. Vatnet vart heva tre meter. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Denne demninga ved Midttaklestølen stod ferdig i 1943. Vatnet vart heva tre meter. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Kraftstasjon med røyrgate ved Takle. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kraftstasjon med røyrgate ved Takle. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skipa felles lag

I 1939 skipa dei to kommunane kvart sitt kraftlag: L/L Brekke Kraftlag og L/L Gulen Kraftlag. Saman skipa desse laga eitt felles lag i 1941 - L/L Brekke og Gulen kraftstasjonar - som i 1942 starta bygging av linenettet. I 1943 kom kraftstasjonen på Takle i drift, og folk i Brekke kunne tenne lyspærene for første gong. Midtsommars året etter kopla Oppdalsøyra og Eivindvik seg på nettet.

Forsyning frå BKK

Men den vesle kraftstasjonen på Takle vart for liten til å forsyne heile kommunen. På 1950-talet fekk difor Gulen ein forsyningsavtale med BKK (Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap) frå Matre-anlegga. Gulen Kraftlag la kablar til øyane, og det meste av forsyningsområdet vart kopla til nettet fram til 1958. Dei siste som fekk innlagt straum var folket på dei nordlege øyane Hille og Kvernøy i 1962.

Den gamle kraftstasjonen på Takle var i drift til 1993. I 2000 bygde BKK ny kraftstasjon med dobbel effekt.

Frå Gulakraft til BKK

I 1965 vart forsyningsselskapet AS Gulakraft skipa med 70 prosent av aksjane på Gulen og 30 prosent på Høyanger kommune. Samstundes vart laget som eigde stasjonen på Takle avvikla. Gulakraft forsynte Gulen og sørsida av Høyanger kommune.

Gulakraft kjøpte ein liten aksjepost i BKK i 1975, og dei fallrettane til Kløvtveitvatnet som ikkje var bygde ut, vart selde til BKK i 1991. Her vert det i 2002 planlagt kraftstasjon. Gulakraft vart kjøpt opp av BKK i 1996.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 13.08.2010