Hopp til innhold
X
Innhald

Landhandlar i Gulen

Landhandelen i Skjerjehamn er restaurert og framstår som eit lite landhandelmuseum. Foto: Torje Bjellaas, NRK.

Landhandelen i Skjerjehamn er restaurert og framstår som eit lite landhandelmuseum. Foto: Torje Bjellaas, NRK.

Handels- og gjestgjevarstader i Gulen - omtale av landhandlar, gjestgjevarstader og anna næring.

Tidleg handel i Gulafjordane

På garden Lund ved Eidsfjorden var det kring 1677 ein mann som dreiv ein slags landhandel. Han heitte Mons Mikkelson, og rettssaker kan tyde på at han hadde borgarbrev på å drive. Fleire gonger saksøkte han nemleg folk som freista å gå han i næringa med ulovleg tobakkshandel. Mons Mikkelson var truleg bergensar, og dreiv handelen på Lund til 1694.

Ole Hatteberg

- landhandel på Lovisendal i Brekke i 1850. Seinare Ellingsen Dagligvarer.

Brødrene Ellingsen AS

– sjå Ole Hatteberg.

Ellingsen Dagligvarer

– sjå Ole Hatteberg.

Skreppekarar i Gulen

- omreisande skreppekarar på slutten av 1800-talet.

Barvågen nord for Byrknes sentrum. Butikken som Nils Karlsson Lindseth starta er det kvite huset på høgre sida av vågen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Barvågen nord for Byrknes sentrum. Butikken som Nils Karlsson Lindseth starta er det kvite huset på høgre sida av vågen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Nils Karlsson Lindseth

starta i 1883 landhandel i ei sjøbu i Barvågen på Byrknes. I 1909 tok sonen Vilhelm over og dreiv handelen i sjøbua til 1936, då han bygde nytt forretningsbygg. I 1953 overtok sonen Konrad V. Bjørknes handelen.

Peder R. Sandal

- landhandlar og ekspeditør. I 2000 vart forretningsverksemda og eigedomane overtekne av Eivindvik Handelshus AS.

Eivindvik Handelshus AS

– sjå artikkelen: Peder R. Sandal.

SolGul AS

– sjå artikkelen: Peder R. Sandal.

Elias Knutson Furubotten

- landhandel på Nyborg ved Gulafjordane, bakeri, kai og postopneri.

Gjert Iversen

starta i 1893 landhandel i Mjømna. Forretninga heiter seinare Alf Iversen Eftf. og driv landhandel, bensinstasjon og dampskipsekspedisjon.

Alf Iversen Eftf.

– sjå Gjert Iversen.

Karl E. Birknes

starta landhandel med bakeri på Byrknes i 1895.

Forretningsbygget som Næss sette opp på 1970-talet er overteke av Wergeland Elektro AS.. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forretningsbygget som Næss sette opp på 1970-talet er overteke av Wergeland Elektro AS.. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ole A. Næss

starta landhandel i Brekke i 1903. Han kjøpte seg også ein gard i Brekke. Då Ole døydde i 1941, overtok sonen Leidulf Næss og dreiv butikken vidare på systera sitt handelsbrev. Det vart bygt ny forretning 1970-talet, og Leidulf sin son Harald Næss dreiv til midt på 1980-talet. Butikklokala husa ei stund ein klesbutikk før den vart utsal og lager for Wergeland Elektro.

Ole H. Østgulen

(f. Brekke) starta kring 1900 landhandel på Nese i Nordgulen. Han var samstundes telefonstyrar og postopnar på Gulafjord postopneri. Omlag samstundes budde og arbeidde det både ein skomakar og ein skreddar på Nese. Posten vart flytta til Oppdalsøyra, og handelen på Nese vart lagt ned litt før 1920.

Isak Breidvik

starta landhandel på Dalsøyra i 1902.

Ludvik Johnsson Kjellevoll

- sjå Isak Breidvik.

Dalsøyra Handelslag

- sjå Isak Breidvik.

Dalsøyra Landhandel

- sjå Isak Breidvik.

Andreas Hansson Bjordal

starta landhandel i Brekke i 1908.

Mons Johannesson Ytre Opedal

starta landhandel i Ytre Opedal kring 1912. Han var også post- og dampskipsekspeditør.

Johan Gjertsson Ynnesdal

starta landhandel på Haveland i Nordgulen i 1915.

Dingja Landhandel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dingja Landhandel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dingja landhandel

starta i 1916 - sjå Dingen Tønde- og Trævarefabrik.

Lars H. Hansen Opdal

starta landhandel på Oppdalsøyra ca. 1917 og dreiv denne fram på 1930-talet. Han tok elles over som dampskipsekspeditør etter faren Hans, og bygde kai i 1934. Han vart seinare linjearbeidar, og miste livet ved ei bilukke på Hardangervidda i 1938.

O. Schreuders Eftf.

- sjå artikkelen Skjerjehamn.

Karen Midthun og ektemaken Georg Guttormsen

dreiv nokre år etter 1. verdskrig landhandel i Eivindvik. Dei la ned og flytta i 1925.

Johan Eriksson Fivelsdal

starta landhandel og bakeri i Fivelsdal ca. 1921 og dreiv til han døydde i 1925

Fem jenter i bua der Ingvald Austgulen starta landhandelen sin på Furenes. Framme Inga I. Austgulen Njøten, bak frå venstre Ragnhild Brandanger, Solveig Takle Dale, Signe Svardal Nese og Olga Brandanger. Biletet er teke i 1936 av ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Fem jenter i bua der Ingvald Austgulen starta landhandelen sin på Furenes. Framme Inga I. Austgulen Njøten, bak frå venstre Ragnhild Brandanger, Solveig Takle Dale, Signe Svardal Nese og Olga Brandanger. Biletet er teke i 1936 av ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Ingvald Austgulen

starta landhandel på Furenes i 1922 og ein filial på Fivelsdal i 1954.

Sigvard Berntsson Rutledal

starta i 1924 landhandel i Rutledal. Han vart også dampskipsekspeditør, og kona Aslaug vart postopnar. Seinare tok Brynluf Rutledal opp handel i Rutledal, men la ned på 1980-talet.

Fredrik Nyhamar

starta landhandel på Nyhamar på Hisarøy i 1924. Sjå: Hamn og gjestgjevarar på Hisarøy .

Elias Sellevåg

starta landhandel på Ånneland i 1925. Han bygde kai og var dampskipsekspeditør i 1942. På 1960-talet starta han utleige av hus til feriefolk.

Oppdalsøyra i 1948. Nede ved fjorden ser vi husa der Mikal Wesetvik og Ingvald Austgulen hadde landhandlar. Ukjend fotograf. Eigar: Magne M. Wesetvik/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Oppdalsøyra i 1948. Nede ved fjorden ser vi husa der Mikal Wesetvik og Ingvald Austgulen hadde landhandlar. Ukjend fotograf. Eigar: Magne M. Wesetvik/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Mikal Wesetvik

starta landhandel på Oppdalsøyra i 1925. Sonen Magne Wesetvik tok over i 1971 og dreiv til 2006.

Sæternes Landhandel

ved Brandangersundet vart driven av Torkjel Olai Selevåg frå 1927 til 1943. Sjå også om Torkjel under Treskofabrikken i Sellevåg.

Norvald Ingvaldsson Børtnes

starta landhandel på Byrknes i 1927.

Ola Midthun

starta landhandel i Eivindvik i 1927, og på folkemunne vart butikken kalla «Småmagasinet».

Sigurd og Borghild Ellingsen

starta i 1928 landhandel på Dalsøyra.

Dalsøyra Handel AS

- sjå Sigurd og Borghild Ellingsen.

Henrik Haveland

starta kring 1930 landhandel på Haveland i Nordgulen. I tillegg var han bonde og dreiv motorbåtskyss.

Det tidlegare forretningsbygget til Westervik på Eide. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det tidlegare forretningsbygget til Westervik på Eide. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Thoralf Westervik

starta landhandel på Eide i 1933. Han bygde nytt forretningsbygg i 1949 og dreiv til 1961, då han byrja som handelsreisande.

Brekke Samyrkelag

starta landhandel i Brekke i 1948. I over 20 år heldt samyrkelaget til i ei gamal tyskarbrakke som var flytta frå Fortet i Rutledal. Samyrkelaget bygde eige forretningbygg like ved kaia i Brekke i 1979. Frå 2001 heiter forretninga Coop Marked Brekke.

Coop Marked i Brekke. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Coop Marked i Brekke. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Harry Bremnes

starta landhandel på Bremnes i 1949. Han var også dampskipsekspeditør. I 1952 bygde han nytt forretningsbygg, men la ned handelen i 1964 og flytta til Bergen.

Eidsbotn Handel

vart starta Tor og Gjertrud Eide i 1961. Dei bygde også bensinstasjon i 1970 og utvida butikklokala mot nord i 1983. Sonen Torgeir Eide tok over butikken i 1989.

Eidsbotn Handel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eidsbotn Handel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Steins Mat og Overnatting

vart starta på Byrknes av Stein-Inge Larsen i 1987. Firmaet har seinare endra namn til Byrknes Landhandleri.

Byrknes Landhandleri

- sjå Steins Mat og Overnatting.

Byrknes Landhandleri i fugleperspektiv. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Byrknes Landhandleri i fugleperspektiv. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.10.2011