Hopp til innhold
X
Innhald

Lars Olsson Kjellby

Lars Olsson Kjellby (1730-1799) frå Austgulen. Bonde.

Han var etter si tid ein driftig og nytenkjande bonde, som m.a. tok heim kalvar frå Danmark for å forbetre den lokale ferasen. Buskapen hans vart vidgjeten. I uåra på slutten av 1700-talet vart det uråd å dyrke korn på Kjellby. Lars dyrka difor opp jord på Sanddalsnes nede ved sjøen, og køyrde gjødsla heilt frå Kjellby og ned dit for å få avling. Han fekk tildelt sølvmedalje frå Det Kongelige Danske Husholdsningsselskab for innsatsen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.03.2008