Hopp til innhold
X
Innhald

Lindås og Masfjorden Dampskipsselskap

DS Lindaas frå Lindås og Masfjorden Dampskipsselskap ved kai på Furenes i 1936. Ukjend fotograf. Eigar: Harald O. Nese/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

DS Lindaas frå Lindås og Masfjorden Dampskipsselskap ved kai på Furenes i 1936. Ukjend fotograf. Eigar: Harald O. Nese/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Den søre luten av Gulen kommune - dvs. frå Furnes, Byrknes og sørover, har sidan 1870-talet vorte trafikkert av dampskipsselskap frå Hordaland.

Det første var Ytre Nordhordland Dampskipsselskap, som sette opp ei rute til Oppdalsøyra på 1870-talet. Men det viktigaste rutebåtlaget for søre Gulen vart Lindås og Masfjorden Dampskipsselskap, som vart skipa i 1880. Dette hadde faste ruter til Furnes, Fivelsdal, Halsvik og Byrknes.

MS ”Seimstrand” frå Bergen Nordhordland Trafikklag på veg inn til kaia på Nesevågen på Byrknesøy i 1970. Foto: Hans Petter Martinussen. © Fylkesarkivet.

MS ”Seimstrand” frå Bergen Nordhordland Trafikklag på veg inn til kaia på Nesevågen på Byrknesøy i 1970. Foto: Hans Petter Martinussen. © Fylkesarkivet.

I 1951 vart dette slege saman med Alvær og Manger Dampbåtlag til Bergen Nordhordland Trafikklag - BNT - som igjen gjekk inn i ei større eining: Bergen Nordhordland Rutelag - BNR - i 1974. BNR fekk også ferjetrafikken på sambandet Leirvåg-Sløvåg-Skipavik. Sambandet vart opna i 1980. BNR har sidan gått inn i trafikkslskapet Tide.

Fram til Byrknesøy fekk brusamband i 1997 gjekk ferja også til Gråvik på Byrknesøy. Skipavik på Sandøy vert sløyfa som anløpsstad når brua over Brandangersundet vert opna i 2010.

Bilferja Eidfjord frå Tide ved Skipavik ferjekai på Sandøy. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Bilferja Eidfjord frå Tide ved Skipavik ferjekai på Sandøy. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.08.2010