Hopp til innhold
X
Innhald

Ludvik Furnes

Opphaveleg var denne landhandelen saltebua til Ludvik Furnes. Men Ingvald Austgulen kjøpte bua og innreidde landhandel. Biletet er teke er 1936. Ved kai ligg Fylkesbaatane sin D/S «Lindaas». © Fylkesarkivet.

Opphaveleg var denne landhandelen saltebua til Ludvik Furnes. Men Ingvald Austgulen kjøpte bua og innreidde landhandel. Biletet er teke er 1936. Ved kai ligg Fylkesbaatane sin D/S «Lindaas». © Fylkesarkivet.

Ludvik Larsson Furnes (1883-1966) frå Furnes ved Brandangersundet. Fiskar og pionér innan rekefisket.

Han skaffa seg i 1909 den første motorbåten «Ampløy» og starta tråling etter reke. I 1912 var han den første som starta rekefiske nord om Stad. Drog heilt til russegrensa for å drive rekefiske.

Rekefiskarane på Furenes

Sjølv eigde han gjennom åra 16 båtar. Andre i bygda tok etter Ludvik, og Furnes vart eit senter for rekefiske på Vestlandet. I tillegg sette han opp saltebuder for sild i Furnes, og var med på å starte to hermetikkfabrikkar, den eine i 1934 i Nord-Trøndelag, og den andre i 1936 i Vadsø.

Ludvik var tidleg ute med telefon, som han installerte på Furnes i 1916. Her bygde han også sagbruk for produksjon av fiskekasser, og bygde også fiskebåtar der under 2. verdskrig. Då Ludvik Furnes gav seg med fisket, starta han ein fabrikk for rensing og pakking av reker i ei av sjøbuene på Furnes.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.11.2011