Hopp til innhold
X
Innhald

Margarinfabrikk i Fonnevik

Fredrik Larsen frå Bergen starta i 1883 landhandel i Fonnevik, der han kjøpte den gamle «kapellangarden».

I Fonnevik hadde det frå midten av 1800-talet vore dampskipsstopp og post. Før Larsen kom, dreiv Elias Knutsson Furubotten frå Masfjorden handel i Fonnevik. Han flytta i 1883 til Glosvik i Gulafjordane og starta handel der. Fredrik Larsen vart dampskipsekspeditør og poststyrar i Fonnevik.

Margarinfabrikken Stjernen

Larsen starta også ein margarinfabrikk som han kalla «Stjernen». Denne var i drift i 10-12 år før den vart flytta til Bergen. I 1892 var det slutt på det meste av aktiviteten i Fonnevik, då kjøpmann Peder R. Sandal i Eivindvik på fastlandssida av Prestesundet tok over dampskipsekspedisjonen. I 1900 og 1904 var det tvangsauksjon etter Fredrik Larsen i Fonnevik. M.a. vart margarinfabrikken selt saman med ein dampmaskin og ein såkalla «lokomobil» - dvs. dampdriven bil.

Sonen til Fredrik, Sigurd Larsen, kjøpte handelsstaden og freista å drive handelen vidare. Men han vart sjuk, avvikla handelen, selde i 1919 og reiste til Bergen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 06.06.2008