Hopp til innhold
X
Innhald

NCC Roads

NCC Roads i Breivik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

NCC Roads i Breivik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

NCC Roads asfaltverk i Breivik like aust for Rutledal vart starta i 1981 av bergenskonsernet G.C. Rieber. Sidan har det vore fleire eigarskifte fram til NCC-konsernet overtok.

Asfaltverket leverer asfalt til heile Sogn og Fjordane og Nordhordland. Råstoff vert frakta til Breivik på skip, og den ferdige asfalten vert i hovudsak skipa ut med båt.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 17.12.2009