Hopp til innhold
X
Innhald

Nedbørsrekordar og naturskade

Harde skadeflaumar

Sjølv om Matre i grannekommunen Masfjorden kan skilte med norsk nedbørsrekord, ligg ikkje Gulen langt etter: I 1995 vart det målt 184,6 millimeter nedbør på eitt døgn på målestasjonen på Takle.

Harde skadeflaumar

Soga fortel om harde skadeflaumar og ras i mange bygder: På Krossvoll i Austgulen vart eit heilt gardstun ein gong i tida sopa vekk, og alle i tunet omkom. På Øvre Berge ved Dalsøyra la jord- og snøras garden øyde i fleire ti-år kring 1700, og garden Tveit vart etter segna fråflytta etter ras på 1600-talet.

I 1955 øydela ras mykje av jordvegen på garden Neverdal, og fåre for nye ras gjorde at folket rømde gardane og flytta til Eivindvik.

Også i 2001 gjorde sterk lokal nedbør mykje skade i Gulen, med jordras og skade på viktige vegar (sjå video ovanfor).

Også i 2001 gjorde sterk lokal nedbør mykje skade i Gulen, med jordras og skade på viktige vegar (sjå video ovanfor).

Les meir om: Ulukker i Gulen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.10.2011