Hopp til innhold
X
Innhald

Nicolay Midthun

Nicolay Midthun (1880-1963) frå Eivindvik, busett i Moss. Telefonkonstruktør og telegrafdirektør.

Nicolay Midthun (1880-1963) frå Eivindvik, busett i Moss. Telefonkonstruktør og telegrafdirektør.

Han var son til Otto L. Midthun, som m.a. hadde ei sentral rolle i planlegging av telefonnettet både i Nord-Noreg og på Island.

Sjølv deltok Nicolay og to brør i ein ekspedisjon til Island der m.a. mange telefonarbeidarar frå Gulen kommune var med på bygginga av den først telefonlina på Island frå Seydisfjord til Reykjavik kring 1905. 300 nordmenn deltok i arbeidet.

For innsatsen på Island vart Midthun slegen til riddar av den islandske «Falkeordenen». Seinare vart han telegrafdirektør ved det privatdrivne Moss Telefonanlegg.

Tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 25.04.2012