Hopp til innhold
X
Innhald

Ola Byrknes

Ola Byrknes. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Ola Byrknes. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Ola E. Byrknes (1933-2011) frå Byrknes. Bonde og Senterparti-politikar. Medlem av kommunestyret 1972-1999, og ordførar i Gulen i 23 år frå 1976 til 1999. Medlem av fylkestinget 1976-1980. Var elles lokallagsformann i Senterpartiet i mange år, medlem av fylkesstyret, og styremedlem av fylkesavdelinga av Kommunenes Sentralforbund. Medlem i styret for Fylkesbaatane 1975-1995. Dei siste fire åra var han styreleiar. Var initiativtakar til bygging av fiskeforedlingsverksemda Sognefisk AS på Byrknes i 1978, og var styreleiar og ei tid også disponent i verksemda.

Fensfjordprosjektet og hamna i Sløvåg

Byrknes arbeidde aktivt for at Gulen kommune skulle få arbeidsplassar knytt til oljehamna på Mongstad, og var styreleiar frå skipinga av Gulen og Masfjorden Utbyggingsselskap i 1994 til 2001, og ei tid også dagleg leiar i selskapet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 05.12.2011