Hopp til innhold
X
Innhald

Østersdyrking i Gulen

Østerspollen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Østerspollen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Alt på 1600-talet vart delikatessen østers dyrka i Gulen. Spora etter dei første østers-farmane finn ein i tingbøkene: Ved fleire høve vart det ført rettssaker om tjuveri frå østersoppdretta.

Korleis og i kva omfang østersproduksjonen føregjekk på den tid, går ikkje fram av dokumenta. Men ved Leversund finst framleis ein fjordpoll som folk kallar Østerspollen.

Kring 1920 starta Isak Knutsson Vatnøy østersproduksjon på ein våg på Vatnøy. Farmen målte 100 x 60 meter.

Les meir om: Fiskeri og oppdrett i Gulen

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 28.07.2010