Hopp til innhold
X
Innhald

Peder R. Sandal

Kaien til Peder R. Sandal tidleg på 1920-talet. © Fylkesarkivet.

Kaien til Peder R. Sandal tidleg på 1920-talet. © Fylkesarkivet.

Peder R. Sandal (1855-1936) frå Breim, handelsmann i Eivindvik. Han hadde gått fargarlære i Bergen og kjøpte i 1881 eit lite fargeri i Fonnevika ved Eivindvik frå ein Nedrål. Sandal starta også ein fargefabrikk i Fonnevika. Den var i drift til like etter 2. verdskrig.

Starta landhandel

I 1892 flytta Sandal over til Eivindvik. Der starta han landhandel i 1900, var ekspeditør for Fylkesbaatane og bygde kai i 1902. I 1905 vart butikken flytta til ei nybygd bu på kaia.

Forretningsbygget som Sandal reiste i 1931. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forretningsbygget som Sandal reiste i 1931. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eineeigar og postopnar

Den yngste sonen Ansgar Sandal overtok i 1921. Han kjøpte Kirkeneset saman med Olav Flugheim. Frå 1927 var Sandal eineeigar, og var frå same året også postopnar. I 1931 bygde han ny, stor forretning på kaia, som også vart utvida i 1936. Sandal vart forhandlar for Norsk Brændselolje A/S i 1937 og fekk sett opp ein stor lagertank. I 1954 vart det sett opp nytt forretningsbygg i mur, og i 1960 og 1964 nye lagerbygg. I 1961 vart forretninga omgjort til aksjeselskap.

Stort nybygg

Då Ansgar Sandal gav seg som forretningsmann, vart butikken og kaia leigd ut til andre fram til 1980. Då overtok sonen Per Sandal og ektemaken Marta og bygde nytt, stort forretningsbygg, der Marta også dreiv frisørsalong. I tillegg til daglegvarer, dreiv Sandal også ei jernvareavdeling. Posten leigde lokale i bygget, og det same gjorde blomster-butikken SolGul Blomst ved Erene Wilberg. På same vis som ved SolGul si avdeling i Solund Senter ANS på Hardbakke, er det opna såkalla «post i butikk» i blomsterforretninga i Eivindvik.

Eivindvik Handelshus med gamlebutikken frå 1931 nærast kaia. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eivindvik Handelshus med gamlebutikken frå 1931 nærast kaia. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Marina

I 1990 bygde Per Sandal marina-anlegg for småbåtar like ved butikken.

Eivindvik Handelshus AS

I 2000 vart forretningsverksemda og eigedomane til Sandal overtekne av Eivindvik Handelshus AS, der Sigvald Kidøy (bror til Audun Kidøy) er eineeigar og disponent. Forretninga sysselset i 2002 fire årsverk.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.11.2011