Hopp til innhold
X
Innhald

Postførarar drukna

Langs ruta for Den Trondhjemske Postvei vart bøndene som førte posten, kalla postførarar eller postbønder. Som løn slapp postbøndene unna militærteneste og anna skyssplikt. Frå 1837 vart dei væpna for å halde tjuvar og kjeltringar unna verdfulle postsekkar. Men vestlandværet kunne vere vel så lunefullt og fårefullt:

I april 1799 drukna to postførarar frå Lindås i Steinevatnet sør ved Eidsfjorden. Saman med dei to sokk også mange tusen riksdalar som dei hadde i skreppene sine. Pengane vart sokna opp att frå 14 famners djup. To andre postførarar på sørsida, Otto Ellingsen Haveland og Ola Olsson Molde, berga livet ved å ri på kvelvet då dei kollsiglde på Gulafjordane i 1841.

I Rutledal vart Kolbein Lasseson Asheim (1760 - 1844) den første «postbonden» - dvs. den som fekk oppgåva å føre posten over til Gulen og over fjorden til Leirvik. I 1822 drukna postførar Hermund Hansson Rutledal på Sognefjorden. Nokre år seinare kolsiglde også postførar Kolbein Hansson midt i fjorden, men rak omsider i land på kvelvet. Han hadde fått mykje skade i ein fot, og måtte gå med stav sidan.

Ein av grunnane til at postbøndene (postførarane) utsette seg for store fårar, var at dei kunne få hard straff om ikkje posten kom raskt fram. Nokre postbønder på Eide hamna såleis opp i straffesak fordi dei hadde late postskreppa liggje nokre dagar. Dei slapp forholdsvis lett frå det, fordi dei kunne prove at det hadde vore eit overhendig ver, og dei sat verfaste.

Les også om Den Trondhjemske Postvei i Gulen

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.05.2008