Hopp til innhold
X
Innhald

Ras på Krossvoll

Garden Krossvoll på Oppdalsøyra har fleire gonger vorte råka av ras.

Segna fortel at det første gardstunet ein gong i tida vart totalt øydelagt av eit veldig skred, og alle i tunet omkom. Når dette hende er ukjent, men tunet vart flytta etter denne ulukka.

I 1669 vart det nye tunet likevel råka av eit snøskred som øydela alle husa til Ivar Krossvoll og ei løe til grannen Anders Krossvoll. Året etter var det Anders sin tur til å få øydelagt alle husa i sitt tun. Ingen menneske skal ha vorte drepne i dei to rasa, men gardane vart liggjande øyde i eit halvt hundreår etter ulukka.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 24.11.2008