Hopp til innhold
X
Innhald

Rutestopp i Eivindvik

Folk ventar på rutebåten på kaia i Eivindvik på 1920-talet. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Folk ventar på rutebåten på kaia i Eivindvik på 1920-talet. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Eivindvik fekk rutestopp av dei aller første dampskipa som gjekk i postruta mellom Bergen og Lærdalsøyri. Skipa måtte då gjere ein dryg sving inn til Eivindvik frå sjølve skipsleia.

Frå gamalt av hadde det vore skysstasjon for robåt-skyss i Fonnevik på andre sida av Prestesundet. Her låg også handelsbua, og dei første dampskipa og seinare Fylkesbaatane hadde Fonnevik som landingsplass den første tida før Eivindvik på fastlandet tok over.

Den første tida nytta ein bordingsbåt, men i 1901 vart det bygt kai i Eivindvik, der Peder R. Sandal var ekspeditør. Eivindvik var i mellomkrigstida ein viktig stoppestad for Fylkesbaatane, men opptil 27 rutestopp i veka. Ei tid var det også rutestopp i Midtunvåg, der Ola Midthun hadde butikk og kai.

Eivindvik i 2007. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Eivindvik i 2007. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.08.2010