Hopp til innhold
X
Innhald

Sea Cat-ulukka

”Sea Cat” heldt seg flytande, men fekk store skader etter ulukka i 1991. Foto frå TV-reportasje, Asle Veien, NRK.

”Sea Cat” heldt seg flytande, men fekk store skader etter ulukka i 1991. Foto frå TV-reportasje, Asle Veien, NRK.

Ei av dei største ulukkene med norske hurtigbåtar til då hende ved Mjømna den 4. november 1991. Då gjekk ekspressbåten «Sea Cat» i ruta frå Nordfjord til Bergen på Risøya like nord for Mjømna. To passasjerar omkom, og minst 100 andre personar vart skadde.

”Sea Cat”kom i leia frå høgre i dette biletet og skulle ha gått midt i leia sørover. Men båten kom for langt vest og rende på land på Risøyna (den næraste øya) litt til venstre for  neset der det seinare er sett opp ei lykt. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Då grunnstøytinga hende, hadde hurtigbåten 156 passasjerar og eit mannskap på seks personar. Bygdefolket på Mjømna gjorde ein stor innsats i redningsarbeidet. Etter Sea Cat-ulukka vart skipsleia i Gulen merka med betre seglingslys.

Slik såg det ut inne i salongen på ”Sea Cat” etter ulukka. To passasjerar omkom, og minst 100 vart skadde. Foto frå TV-reportasje, Asle Veien, NRK.

Slik såg det ut inne i salongen på ”Sea Cat” etter ulukka. To passasjerar omkom, og minst 100 vart skadde. Foto frå TV-reportasje, Asle Veien, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 11.08.2010