Hopp til innhold
X
Innhald

Småsoger frå Gulen

Med voggebarnet på palefiske

Eit fattig ungt par slo seg ned som husmannsfolk på den vesle øya Vatnøy kring 1830. For å spe på kosten, dorga - eller flota - dei etter småsei om kveldane.

Småbarnet kunne ikkje vere att heime. Difor tok dei med vogga i robåten. Når det vart mykje fisk, sette dei vogga i land opp under ein hammar på Steinsøy slik at dei fekk meir plass i båten. Under fiske svinga dei ofte opp under hammaren for å høyre om barnet gret. Når fisken slutta å bite, tok dei vogga med seg og drog heim.

Neveretten avgjorde fylkesgrensa?

Segna seier at grensa kring gardane i Opdal lengst sør i Gulen vart avgjorde ved eit slagsmål.

Kraftkar i Eivindvik

Ivar Anderson Henriksbø (1784-1860) var kjend som ein kraftkar som det gjekk gjetord om. Ein gong han var på veg opp bygdevegen ved Haugen med eit lass, vart han stoppa av prost Niels Griis Alstrup Dahl:

- Du har lesst for tungt på. Hesten maktar ikkje slikt! sa presten. Då spente Ivar hesten ifrå og drog sjølv lasset opp bakken.

Alvestova i Austgulen

Ved stølen til garden Hauge i Austgulen går det ei hole inn i fjellet. Av og til dett det ut små glimmersteinar av fjellet i hola. Segna vil ha det til at det budde ei hulder her. Difor heiter hola Alvestova eller Allstova.

Gardane på Rise med Brosviksåta i bakgrunnen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Gardane på Rise med Brosviksåta i bakgrunnen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Svensken i Risehola

Ved garden Rise i nordre Gulen finst ein gamal husmannsplass som heiter Riseskora eller Risehola. Her budde det ein gong ein svensk soldat. Han var gift med ei kvinne frå Fresvik, og kom til Risehola i 1817. Mannen hadde tent som soldat i krigane mot Russland. Då han i 1826 braut opp frå den vesle jordflekken som han hadde rudt, fekk han prost Niels Griis Alstrup Dahl til å gje seg skriftleg attest på at både han og familien var fri for koppesmitte, og at han sjølv hadde arr både på hals og bryst frå slagmarka. Kvar svensken drog, veit ein ikkje.

Den synske på Børholmen

- sjå Erika Larsdotter Bogen fødd 1828. Ho gav seg ut for å vere synsk, tankelesar. Ho hevda også at ho kunne tale med englar og gjere under.

Børholmen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Børholmen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Andre historier:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 13.08.2010