Hopp til innhold
X
Innhald

Stephan Dresing

Stephan Dresing (1712-1792) frå København, busett i Eivindvik. Sokneprest frå 1769 til 1792.

Utarbeidde den første vegplanen i Gulen: Han ville byggje veg frå Austgulen over Takledalen til Brekke-sida (denne vegen vart bygt i 1812 etter påtrykk frå prost Niels Griis Alstrup Dahl), veg frå Nordgulen og over til Rutledal (lina som Den Trondhjemske Postvei i Gulen fylgde), veg frå Austgulen og over til Frøyset ved Masfjorden, og veg frå Eide ved Eidsfjorden og over til Halsvik ved Fensfjorden.

Dresing skaffa seg store jordeigedomar i Gulen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 27.03.2008