Hopp til innhold
X
Innhald

Tala futen midt imot

Her i Leirvik var det  bøndene frå Brekke måtte betale skatten sin. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Her i Leirvik var det bøndene frå Brekke måtte betale skatten sin. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ivar Torsteinson Engesæter (1744-1851) frå Brekke var ein uredd kar. Ein gong hadde futen sigla ut til Leirvik for å krevje inn skatten frå ytresogningane. Bøndene i Brekke kom litt seint fram til Leirvik, og futen skapte seg vrang:

Futen nekta å ta imot skatten i Leirvik, men bad Brekke-bøndene i staden å ro heilt inn til futesetet i Balestrand og betale han skatten der. Då steig Ivar Engesæter fram og sa at i tilfelle det var nokon som rodde den farefulle Sognefjorden innover heilt frå Brekke til Balestrand med skatten, så måtte det vere Hinmannen (Djevelen), og ikkje dei!

Om ettermiddagen baud futen Ivar inn på kontoret sitt åleine. Men dei andre fylgde Ivar til døra, og sa at alle ville inn dersom det var refs Ivar skulle få av fute-traven. Men inne på kontoret la futen godsida til og spanderte dram på Ivar. Då han kom ut att, skrytte han av fin-brennevinet til futen, og noko seinare på dagen fekk Brekke-bøndene betale skatten sin - i Leirvik.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 13.08.2010