Hopp til innhold
X
Innhald

Torpedobatteriet i Rutledal

Eitt av torpedorøyra i  Rutledal fotografert av Kystartilleriet etter krigen. Foto frå boka ”Fronten er kysten!”

Eitt av torpedorøyra i Rutledal fotografert av Kystartilleriet etter krigen. Foto frå boka ”Fronten er kysten!”

Det første store forsvarsanlegget som tyskarane bygde i Sogn og Fjordane, var torpedobatteriet ved Rutledal. Dette var på plass alt i mai 1940.

Ved ein eventuell alliert invasjon av Noreg rekna nok tyskarane passasjen frå Sogn mot Austlandet over Filefjell og over Flåmsbanen av vital betydning. Det var difor viktig å sperre innløpet til Sognefjorden så snøgt råd var.

Eitt av torpedorøyra i  Rutledal fotografert av Kystartilleriet etter krigen. Foto frå boka ”Fronten er kysten!”

Eitt av torpedorøyra i Rutledal fotografert av Kystartilleriet etter krigen. Foto frå boka ”Fronten er kysten!”

Torpedobatteriet nede ved sjøkanten i Rutledal vart utstyrt med to torpedorør og i alt åtte torpedoar. Torpedorøra var norske, og hadde tidlegare vorte nytta ombord i marinefartyet «Skarv». Bygginga av torpedobatteriet gjekk raskt unna, og alt den 23. mai 1940 kunne admiralen i Bergen inspisere det ferdige anlegget. Torpedoane kunne skytast ut med trykkluft frå ei svingbar torpedokanon og treffe mål innanfor ein sektor frå Risnøyna til Rysjedalsvika.

Torpedobatteriet var bemanna med 14 mann og hadde forsvarsstøtte m.a. frå ei infanteriavdeling som låg i Brekke. Etter krigen vart torpedobatteriet overteke av det norske Kystartilleriet og var i operativt bruk til 1954, då det vart lagt ned.

Rutletangane ligg svært strategisk til ved innløpet til Sognefjorden. Bak neset i bakgrunnen ligg Risenes, der tyskarane bygde kystfort.

Rutletangane ligg svært strategisk til ved innløpet til Sognefjorden. Bak neset i bakgrunnen ligg Risenes, der tyskarane bygde kystfort.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 17.08.2010