Hopp til innhold
X
Innhald

Trude Brosvik

Foto: Eldgrim Fossheim, NRK.

Foto: Eldgrim Fossheim, NRK.

Trude Brosvik fødd 1961, frå Brosvik. Kyrkjeverje og Kristeleg Folkeparti-politikar. Medlem av kommunestyret 1987-1995, og vart vald som den første kvinnelege ordføraren i Gulen i 1999. Ho var ordførar til 2011.

Trude Brosvik var fylkestingsmedlem 1995-1999 og på ny frå 2007. Ho har vore medlem av fylkesstyret i partiet og i sentralstyret frå 1999 til 2005, og leiar i Sogn og Fjordane Kristeleg Folkeparti frå 2006 til 2012.

Ho har og vore leiar i distriktsprogramrådet for NRK Sogn og Fjordane, styreleiar i Sparebanken Sogn og Fjordane og medlem i representantskapen i Norges Bank. I 2011 vart ho vald inn i styret i Helse Førde.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 28.01.2021