Hopp til innhold
X
Innhald

Trygve Hansson Wergeland

Trygve H. Wergeland. Privat foto.

Trygve H. Wergeland. Privat foto.

Trygve Hansson Wergeland (1909-1979) frå Steine ved Halsvik. Industri-gründer.

Alt i 1939 kjøpte han seg lastebil, og fekk skøyte på farsgarden Steine i 1944. På garden var det rike sandførekomstar, og i 1955 starta han produksjon av sementstein. I 1964 starta han produksjon av sementrøyr og vegsikringar.

Borna var tilsette i verksemda og bygde den vidare ut til det største industriselskapet i Gulen m.a. med taksteinproduksjon og ei mengd andre aktivitetar.

Far til Hans Harry Wergeland.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.08.2009