Hopp til innhold
X
Innhald

Tvangsarbeid i gruver og fiskevær for 'sædløyse'

I 1734 måtte t. d. Brita Toresdotter Haugland frå Brekke sone tre års straffarbeid nordpå, medan fetteren fekk tre år i bergverka i Sør-Noreg - m.a. i Årdal Koparverk.

Den same lagnaden som Brita fekk Ingeborg Mikkelsdotter Straume på Opdal i 1785 for å ha fått barn med ein filleonkel. Også ho fekk tre års straffarbeid i fiskeværa nordpå. Dessutan måtte ho i fengsel fordi ho ikkje hadde råd til å betale ei bot på 24 lodd sølv. Det seiest at faren til barnet, Hans Persson Nordgulen, tok seg så nær av det som Ingeborg vart utsett for at han døydde av sorg før saka mot han sjølv kom opp.

Copulering

For kjærastepar som gjekk i tankar om å gifte seg, var det ein utveg frå straff og skam å «copulere» - dvs. trulove seg med stadfesting i kyrkja. Då kunne paret vente med å gifte seg til det var synberrt utanpå at dei venta barn!

Straffarbeid i Årdal

I 1721 vart Ola Hansson frå Grima dømd til ei stor bot og straffarbeid ved Årdal Koparverk fordi han hadde fått barn med kona si Dorte Knutsdotter. Ho var spedalsk, og tok av den grunn livet av barnet. Ho hevda at Ola hadde talt henne til å drepe, men Ola blånekta. Men han vedgjekk farskapet, og for det vart han dømd.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.02.2009