Hopp til innhold
X
Innhald

Ulv i Gulen

Tok ut ulvehia

Heilt fram til slutten av 1800-talet var bøndene heilt ut til kysten plaga av ulv. Ei natt på 1700-talet vart såleis fem kyr og kalvar sundrivne av ein ulveflokk i Austgulen.
Det vart sett i gang systematisk utrydding og utbetalt feite skotpremiar til dei som felte ulv.

Tok ut ulvehia

I fleire bygder i Gulen var det mange som gjorde seg gode pengar på å ta ut ulvehi - dvs. fange ulveungane medan dei var i hiet. I Ynnesdal vart det såleis teke ut fleire ulvehi på siste halvdel av 1700-talet.

Sperretau mot ulven

Det var vanleg tru i gamle dagar at ulven ikkje torde gå under eit tau som var strekt opp. Eit slikt sperretau vart på 1700-talet sett opp ovanfor gardane på austsida av Austgulefjorden. I 1751 vart det rettsak fordi nokon hadde rive ned dette «ulvetauet».

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 20.01.2009