Hopp til innhold
X
Innhald

Varebyte med indre Sogn

Kvar haust var det vanleg for øyfolket i Gulen å reise med jekter eller storebåtar til indre Sogn for å byte fisk og tran mot poteter, korn og andre jordbruksprodukt.

Folk på Kokksøya var særleg aktive i denne handelen. Dei leigde inn ekstra mannskap og kjøpte inn mykje fisk før turen til Luster, Marifjøra, Lærdal eller Leikanger.

Kvern og kraft på Kløvtveit

Folk frå ytre Sogn nytta ofte den store kverna på Kløvtveit når dei skulle male kornet som dei hadde bytt til seg i dei indre fjordbygdene.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.01.2009