Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Fannemel

Anders Fannemel. Foto: Jon-Michael Josefsen.

Anders Fannemel. Foto: Jon-Michael Josefsen.

Anders Fannemel fødd 1991, frå Hornindal. Skihoppar. Han debuterte i verdscupen i desember 2009 og vart då nummer ti. I 2010 vart han nummer 11 i junior-VM, og han vart norsk juniormeister same året.

I 2011 var han med på å ta bronse i lagkonkurransen i junior-VM i Estland. I den individuelle konkurransen vart han nummer fire.

I sommar-Grand Prix i 2011 fekk han sitt internasjonale gjennombrot med sin første pallplass på seniornivå då han vart nummer tre og beste nordmann i Almaty i Kazakhstan. Han tok og ein fjerde- og ein sjuandeplass i sommar-Grand Prix-renna i Japan.

Historiske NM-medaljar

I januar 2012 kom Fannemel på sjuandeplass i eit verdscuprenn i Sapporo i Japan, og i februar same året var han med på det norske laget som gjekk til topps i laghopp i verdscuprennet i Willingen. Samanlagt vart han nummer 25 i verdscupen 2012. I 2012 tok han og bronsemedalje i senior-NM stor bakke og sølvmedalje i normalbakke. Dette er dei første NM-medaljane nokon skihoppar frå Sogn og Fjordane har teke i seniorsamanheng.

Anders Fannemel i Engelberg i Sveits 14. desmeber 2012. Foto: Sigi Tischler, Ap.

Anders Fannemel i Engelberg i Sveits 14. desmeber 2012. Foto: Sigi Tischler, Ap.

244,5 meter

Same året vart han teken ut på VM-laget i skiflyging. Han vart nummer 13 i den individuelle konkurransen og hadde det lengste hoppet i konkurransen med 244,5 meter. Dette var det til då nest lengste skihoppet i verda. I lagkonkurransen var han med på det norske laget som tok fjerdeplass.

Framfor sesongen 2012/13 vart Anders Fannemel teken ut på det norske verdscuplaget.

I 2012 vart han kåra til årets skiflygar av den internasjonale skiflygarorganisasjonen KOP (KOP Man of the Year).

Norsk meister og pallplass i verdscupen

I sesongen 2012/2013 vart han i november 2012 norsk meister i stor bakke på Rena, og han tok sølv i liten bakke. Same månaden tok han sin første pallplassering i verdscupen då han vart nummer to i stor bakke på Lillehammer.

Han vart og teken ut på det norske laget i den tysk/austerrikske hoppveka 2012/2013. Der vart han nummer 18 samanlagt. Fannemel er den andre frå Sogn og Fjordane som har delteke i denne prestisjefylte turneringa, den første var Rune Hauge.

I sesongen 2013/2014 tok han ein fjerdeplass (Garmisch-Partenkirkchen) og ein sjuandeplass (Bischofshofen) i den tysk-austerrikske hoppveka. Han vart teken ut i den norske troppen til OL i Sotsji. Han tok sølvmedalje i NM stor bakke på Lillehammer i januar 2014.

I OL vart han nummer fem i storbakken og nummer 15 i normalbakken. Han var og med på lagkonkurransen, der Norge vart nummer seks.

Første verdscupsigeren

I sesongen 2014/2015 tok han sin første verdscupsiger. Det skjedde i Nizjnij Tagil i Russland i desember. Han var beste nordmann i verdscuprenna før jul og kom på andreplass både på Lillehammer og i Nizjnij Tagil. I NM stor bakke 2015 tok han sølvmedalje. I februar gjekk han igjen heilt til topps i eit verdscuprenn – i Titisee-Neustadt i Tyskland.

Verdsrekord og VM-gull

Under verdscuprenna i skiflyging i Vikersund i 2015 sette han den 15. februar ny verdsrekord med 251,5 meter og sikra seg to andreplassar i renna. Under VM i Falun var han med på det norske laget som tok gullmedalje i laghopping. Individuelt vart han nummer sju i stor bakke og nummer ni i liten bakke. I verdscupen 2014/2015 vart han nummer fire samanlagt. I 2015 vart han utnemnd til æresmedlem i Hornindal Idrettslag.

VM-gull i skiflyging

I januar 2016 vart det ein ny VM-tittel. Fannemel var med på å vinne gull i VM for lag i skiflyging i Kulm i Austerrike. Individuelt vart han nummer sju. Under VM i Lahti i 2017 var Fannemel med på det norske laget som tok sølvmedale i laghopping.

Anders Fannemel under VM i skiflyging i Vikersund i 2012. Foto: Rune Fossum, NRK.

Anders Fannemel under VM i skiflyging i Vikersund i 2012. Foto: Rune Fossum, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 13.03.2017