Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Svor

Anders Svor måla av Trygve Bolstad i 1952.

Anders Svor måla av Trygve Bolstad i 1952.

Anders Rasmusson Svor (1864-1929). Frå Svor i Hornindal, busett i Oslo. Bilethoggar. Anders Svor viste alt i barndomen store talent for teikning og treskjering, og reiste som 17-åring til Oslo der han arbeidde som treskjerar ved Brødr. Hals’ Pianofabrikk. Han var elev av Julius Middelthun på Kunstindustriskolen 1882–1885. 21 år gamal vart Svor elev ved København Kunstkademi 1886-1888, og var elev av Herman Vilhelm Bissen 1886-1892.

Utstillingar i utlandet

Det store gjennombrotet som kunstnar fekk Svor i 1891 då han fekk gullmedalje for skulpturen ”David” som han stilte ut på den internasjonale kunstutstillinga i Berlin. Seinare deltok han i utstillingar i Oslo, København, Paris og Chicago. Han budde i Paris i åra 1894-1895 før han slo seg til for godt i Oslo der han hadde eige ateliér. Her arbeidde han til han døydde.

Lågt under taket

Det vert fortalt at ateliéret var så lågt under taket at då han skulle lage statuen av kvalfangarpionéren Svend Foyn, måtte han utstyre Foyn med kortare bein enn originalen for å få plass under taket.

Anders Svor portretterte m.a. Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson. © Blomqvist Kunsthandel.

Anders Svor portretterte m.a. Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson. © Blomqvist Kunsthandel.

Tordenskiold-statuen til Anders Svor står ved Svormuséet på Grodås. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tordenskiold-statuen til Anders Svor står ved Svormuséet på Grodås. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Portretterte heltane

Anders Svor vart kjend som ein uvanleg dyktig portrettkunstnar, og han gjorde det nærmast til eit spesialfelt å lage byster og små statuar av sine samtidige heltar innan kultur og politikk: Fridtjof Nansen (1902) står i Nasjonalgalleriet, Adolph Tidemand (1906) på Kjerulfs plass i Oslo, og i Svormuséet i Hornindal kan ein sjå ei rad andre portrettbyster av Svor. I Oslo står skulpturen ”Etter badet” (1916) ved Bislett bad, ”Bølgen” (1913) ved Skillebekk, og i Porsgrunn ”Skibbrudd” (1921). Foyn-monumentet står i Svend Foyn sin fødeby Tønsberg.

Vann tevling om Tordenskiold-statue

Det største vonbrotet som kunstnar opplevde Anders Svor i 1891 då han vann tevlinga om eit monument over sjøhelten Tordenskiold, men likevel ikkje fekk utføre sjølve statuen då den skulle reisast i Oslo.

Broren berga skulpturane

Anders Svor døydde einsam i Oslo i 1929, men broren Ola R. Svor fekk berga den store skulptursamlinga med gipsfigurar som han let etter seg. Denne fekk Ola mellombels lagra i ei gamal stove på heimegarden på Svor i Hornindal.

Svormuséet

I 1941 vart samlinga gjeven vederlagsfritt til Hornindal kommune, og i 1953 vart Svormuséet ved Grodås opna. Muséet var det første muséet i Sogn og Fjordane som vart bygt for ein einskild kunstnar. Det inneheld eit stort tal skulpturar og utskjeringsarbeid som Anders Svor gjorde, heilt frå barndommen og som moden kunstnar. Litt om senn har mange av dei skjøre gipsfigurane vorte sikra med bronseavstøypingar, og i parken kring Svormuséet kan ein sjå fleire av dei sentrale verka til Svor, støypt i bronse, m.a. ”David” og ”Tordenskiold”. Også i Hornindal kyrkje og på kyrkjegarden kan ein finne arbeid av Anders Svor.

Anders R. Svor ligg gravlagd ved kyrkja i heimbygda.

Svormuséet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Svormuséet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.02.2011