Hopp til innhold
X
Innhald

Anna Lunde

Anna Lunde.

Anna Lunde.

Anna Lunde (1917-2001) frå Hornindal. Kvedar og dansar. Saman med ektemannen Ragnvald Lunde vann ho mange prisar som folkedansar, og sjølv vann ho ei mengd prisar og heidersteikn som kvedar både lokalt og i nasjonal samanheng.

Ragnvald og Anna Lunde vart utnemnde til æresmedlemer i Landslaget for spelemenn i 1979. Saman fekk dei også Folkemusikkprisen for Sogn og Fjordane.

Mor til Lars Lunde.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.02.2011