Hopp til innhold
X
Innhald

Anton Schønning Johnsen

Anton Schønning Johnsen.

Anton Schønning Johnsen.

Anton Schønning Johnsen (1879-1930 ) frå Trondheim, busett i Hornindal. Prest og politikar. Cand. theol. 1902. Johnsen arbeidde som lærar og prest i Oslo, Nord-Aurdal og Lebesby før han vart sokneprest i Hornindal 1910-1917.

I Hornindal var han ein framtøk mann som m.a. engasjerte seg i skiping av det kommunale kraftverket i 1913. Han var ordførar 1914-16 og styreformann i Nordfjord og Sunnmøre Billag 1915-1917.

Frå Hornindal reiste han til Oslo, der han vart sokneprest i Markus kyrkje.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.02.2011