Hopp til innhold
X
Innhald

Bjørn Lødemel

Bjørn Lødemel. Foto: Vegar Erstad, NRK.

Bjørn Lødemel. Foto: Vegar Erstad, NRK.

Bjørn Lødemel fødd 1958 i Hornindal. Forrretningsmann og Høgre–politikar. Tilsett ved Ekornes Fabrikker i Hornindal, og frå 1989 privat forretningsdrivande.

Medlem av skulestyret 1991–1995, og kommunestyre og formannskap frå 1991. Ordførar frå 1999, og har vore fylkesleiar i Høgre og medlem av Høgre sitt sentralstyre sidan 2005. Stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane frå 2009, attvald i 2013.

Lødemel har lagt ned eit stort arbeid for at den vestlandske stamvegen E 39 i framtida skal gå mellom Hornindal og Austefjorden i Volda etter den såkalla «Kvivsveg–lina» – Kvivsvegen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 29.01.2021