Hopp til innhold
X
Innhald

Britt Pernille Frøholm

Britt Pernille Frøholm fødd 1978 i Hornindal, busett i Oslo. Folkemusikar på hardingfele og vanleg fele. Har gått Ole Bull Akademiet og studert folkemusikk med fleire kjende spelemenn.

Ho vann Vestlandskappleiken i 2002, B–klassen på Landskappleiken 2003 og har vunne det landsomfattande Jørn Hilme–stemnet tre år på rad.

Ho gav i 2008 ut CD-en "For allje dei".

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 29.12.2009