Hopp til innhold
X
Innhald

Folkemusikarar frå Hornindal

Omtalane er ordna etter fødselsår. Sjå andre personomtaler under:
Kjende personar i Hornindal.

Omtalane er ordna etter fødselsår. Sjå andre personomtaler under: Kjende personar i Hornindal.

FOLKEMUSIKARAR:

(sjå omtale av grupper nedst på sida)

Lars Eriksson Brendefur

(1782-1878). Ein av dei første kjende spelemennene for Hornindal.

Lise Jyvall

( fødd 1791- ) frå Maurset. Spelekvinne – sjå Marte Olsdotter Støverstein.

Synneve Seljeset

(1791 - ) frå Hornindal. Spelekvinne – sjå Marte Olsdotter Støverstein.

Hans Erikson Brendefur

(1793-1875) frå Brendefur. Husmann og folkemusikar. Han hadde plass under Haugen, og dreiv som sauegjetar om somrane. Hans vart særleg kjend som lurspelar, og det er teke vare på nokre låtar i tradisjon etter Hans Brendefur. Bror til Lars Eriksson Brendefur.

Marte Olsdotter Støverstein

(1797-) frå indre Hornindal. Bondekone og spelekvinne.

Samuline Seljeset

(1804-1872) frå Hornindal. Spelekvinne – sjå Marte Olsdotter Støverstein.

Lars Kroken

(1807-1889)– Kroka-Lars – var kjend spelemann. Busett som bygslemann på Taraldset. Han gjekk i lære hjå omstreifaren «Blinde-Rasmus», og reiste som spelemann både i Nordfjord og på Sunnmøre. Han komponerte ei mengd slåttar som seinare er skrivne ned av andre.

Magne Maurset

(1824-1916) frå Markane. Spelemann og slåttekomponist. Han var kjend som meisterspelemannen i Nordfjord i si tid.

Elling seljeset d.e.

Elling seljeset d.e.

Lars Tomasgård.

Lars Tomasgård.

Elling Seljeset d.e.

(1861-1951). Samla og tok vare på den gamle kvedartradisjonen i Hornindal. Mykje av dette materialet vart på 1930 sikra for ettertida med opptak av Elling Seljeset sin song.

Lars Tomasgård

(1865–1946), kjend spelemann. Gjekk m.a. i lære hos kjende spelemenn som Jon Bolstad og Ivar Skjelstad, og spela m.a. i bryllup over heile Nordfjord. Han vann fleire prisar på kappleikar.

Tre representantar for musikklivet i Hornindal, fotograferte i 1937. Frå venstre Lars Hjellbakk, Nils O. Lillestøl og Jens Hjellbakk. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Tre representantar for musikklivet i Hornindal, fotograferte i 1937. Frå venstre Lars Hjellbakk, Nils O. Lillestøl og Jens Hjellbakk. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Lars Hjellbakk

(1889-1976) frå Hornindal. Bonde, spelemann og slåttekomponist. Han var ein av dei fremste spelemennene i dalen på 1900-talet.

Ragnvald Lunde

(1914-2003). Spelemann, folkedansar og slåttekomponist.

Anna Lunde.

Anna Lunde.

Anna Lunde

(1917–2001) frå Hornindal. Kvedar og dansar.

Elling Seljeset d.y.

fødd 1928, landskjend kvedar som fekk overlevert den gamle songtradisjonen frå farfaren (sjå Elling Seljeset d.e. ovanfor)

Oline Løvlid

fødd 1950. Kvedar som har vunne mange landstevlingar, og gjort mykje for å bere dei gamle songtradisjonane i Hornindal vidare.

Unni Løvlid. Foto: unni.no

Unni Løvlid. Foto: unni.no

Unni Løvlid

fødd 1976 i Hornindal, busett i Oslo. Folkesongar og medlem av gruppa «Fjøgl».

Liv Merete Kroken

fødd 1976 i Hornindal, busett i Arna. Hardingfelespelar og medlem av gruppa «Fjøgl».

Britt Pernille Frøholm

fødd 1978 i Hornindal. Folkemusikar på hardingfele og vanleg fele.

FOLKEMUSIKKGRUPPER:

Hornindal Spelemannslag. Foto: S. Tonning. © Fylkesarkivet.

Hornindal Spelemannslag. Foto: S. Tonning. © Fylkesarkivet.

Hornindal Spelemannslag

vart skipa i 1960 etter initiativ frå Rasmus A. Lødemel. Laget har hatt opptil 30 medlemer. Deltok første gong på Landskappleiken i 1966. Både der og seinare har laget vunne mange førsteprisar på Landskappleiken. Ei junior-gruppe kalla ”Småhonndølene” vart skipa 1973.

Småhonndølene

- sjå Hornindal Spelemannslag ovanfor.

Honndalstausene i 1993. Frå venstre Synnøve Hjellbakk Hole, Torunn Raftevold Rue, Bente Tomasgård Storbakken, Tone Lien, Gunnhild Sindre og Marianne Tomasgård. Gunn Gausemel var og med i Honndalstausene, men mangla då dette biletet vart teke av Olav Jakob Tveit.

Honndalstausene i 1993. Frå venstre Synnøve Hjellbakk Hole, Torunn Raftevold Rue, Bente Tomasgård Storbakken, Tone Lien, Gunnhild Sindre og Marianne Tomasgård. Gunn Gausemel var og med i Honndalstausene, men mangla då dette biletet vart teke av Olav Jakob Tveit.

Honndalstausene

Honndalstausene, slåttespel-gruppe samansett berre av jenter, skipa 1983.

Fjøgl

I 1999 skipa folkesongar Unni Løvlid og felespelar Liv Merete Kroken saman med felespelar Sigrid Terese Moldestad frå Breim gruppa «Fjøgl».

Folkemusikkgruppa Fjøgl. Frå venstre Unni Løvlid, Liv Merete Kroken og Sigrid Terese Moldestad.

Folkemusikkgruppa Fjøgl. Frå venstre Unni Løvlid, Liv Merete Kroken og Sigrid Terese Moldestad.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.04.2014