Hopp til innhold
X
Innhald

Første skulehusa i Hornindal

Skulehuset som vart bygt på Kirkhorn i 1939 og som var i bruk som skule til 1974. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skulehuset som vart bygt på Kirkhorn i 1939 og som var i bruk som skule til 1974. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det første skulehuset i Hornindal vart bygd på privat initiativ av klokkar Rasmus Kirkhorn på Kirkhorn i 1832. Dette var eitt av dei første faste skulehusa i Sogn og Fjordane. Hornindal almuebibliotek vart skipa i 1846. Det fekk plass i gamle Kirkhorn skule. Det vart reist eit nytt skulebygg på Kirkhorn i 1868, og så vart endå eit nytt skulehus for folkeskulen teke i bruk i 1939. I 1963 vart Kirkhorn skule lagd ned som vanleg krinsskule, og skulehuset vart brukt som fellesskule for alle storskuleborna i kommunen inntil sentralskulen på Kirkhorn stod ferdig i 1974 (sjå nedanfor).

Tidlegare Rygg skule ved Espe. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tidlegare Rygg skule ved Espe. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Rygg

krins fekk skulehus i 1875. Huset vart påbygd kring 1920 og var i bruk til krinsen vart lagd ned i 1963 og borna overførde til Lødemel og Kirkhorn skular, ei ordninga som varde fram til den nye sentralskulen på Kirkhorn vart teken i bruk i 1974.

Kjøs

krins fekk skulehus i 1878. Dette huset stod nede ved vatnet, men vart kring 1930 flytta høgre opp i bakken og vart påbygd. Huset vart seinare påbygd og var i bruk til krinsen vart lagd ned i 1963 og borna overførde til Lødemel og Kirkhorn skular, ei ordninga som varde fram til den nye sentralskulen på Kirkhorn vart teken i bruk i 1974.

Lærarar og elevar framfor Lødemel skule i 1909. Huset vart bygt i 1878 og truleg utvida i 1905.

Lærarar og elevar framfor Lødemel skule i 1909. Huset vart bygt i 1878 og truleg utvida i 1905.

Lødemel

krins fekk skulehus i 1878. Dette var eit skulehus som opphaveleg vart sett opp på Sindre for Sørmarkane krins. Det vart kort tid etter kjøpt av folket i Lødemel krins, rive på dugnad og flytta på vinterføre og isen på Hornindalsvatnet til Lødemel. Der vart det gjenreist. Truleg var skulehuset utvida i 1905, og det stod til det vart avløyst av eit nytt skulebygg i januar 1954. Gamleskulen på Lødemel vart seld på auksjon til ein privatperson i Vikebygda i Volda og sett opp att der. Skulen på Lødemel vart lagd ned som vanleg grendaskule i 1963. Skulehuset vart mellombels nytta som sentralskule for småskulen i kommunen fram til den nye sentralskulen på Kirkhorn vart teken i bruk i 1974 (sjå nedanfor).

Det gamle skulehuset på Haugen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det gamle skulehuset på Haugen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Haugen

krins fekk skulehus i 1881 . Huset vart påbygd kring 1920 og var i bruk til krinsen vart lagd ned i 1963 og borna overførde til Lødemel og Kirkhorn skular, ei ordninga som varde fram til den nye sentralskulen på Kirkhorn vart teken i bruk i 1974.

Elevar og lærar ved Haugen skule i 1955: Sitjande frå venstre Randi Frøholm, Synnøve Seljeset, Ruth Haugen, Åse Seljeset, Synneve Fannemel, Kirsti Fannemel. I midten frå venstre Rasmus Brendefur, Ruth Nygård, lærar Mikal A. Rygg, Marit Seljeset. Bak frå venstre Nils Seljeset, Kåre Haugen, Andreas Haugen, Kåre Støverstein, Arne Muldsvor, Rolf Støverstein. Frå Bygdeboka for Hornindal.

Elevar og lærar ved Haugen skule i 1955: Sitjande frå venstre Randi Frøholm, Synnøve Seljeset, Ruth Haugen, Åse Seljeset, Synneve Fannemel, Kirsti Fannemel. I midten frå venstre Rasmus Brendefur, Ruth Nygård, lærar Mikal A. Rygg, Marit Seljeset. Bak frå venstre Nils Seljeset, Kåre Haugen, Andreas Haugen, Kåre Støverstein, Arne Muldsvor, Rolf Støverstein. Frå Bygdeboka for Hornindal.

Støverstein

Støverstein i indre Hornindal var også eigen skulekrins, men her heldt skulen til i leigde lokale hjå privatfolk heilt til den vart lagd ned i 1963 og borna førde over til den mellombelse ordninga med skule for småklassingane på Lødemel og for storskulen på Kirkhorn skule.

Kommunereguleringa seinka skulesaka i Hornindal

I 1963 vart alle dei tidlegare skulekrinsane i Hornindal lagde ned for å verte avløyste av ein sentralskule på Kirkhorn. Dei små krinsskulane kringom i grendene vart stengde. Men på grunn av kommunesamanslåinga med Stryn og Innvik til storkommunen Stryn i 1965, drog sentralskuleplanane i Hornindal ut. Difor vart ungane i åra frå 1963 til sentralskulen vart opna i 1974 fordelte med småskulen på Lødemel skule og storskulen på Kirkhorn skule.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.02.2011