Hopp til innhold
X
Innhald

Frederick Wick

Frederick Wick (Båtevik) (1881-1977) frå Kjøs, busett i USA. Musikar og professor.
Utvandra i 1901, busette seg i Minneapolis, der han studerte musikk. Studerte også ved National Conservatory i New York.

Etter arbeid m.a. som fiolonist ved St. Pauls symfoniorkester, studerte han komposisjon ved Lindeman-konservatoriet i Oslo. Lærar i musikk ved Sioux Falls college i Sør-Dakota 1912-1917, der han også organiserte eit symfoniorkester.

Frå 1917 til 1929 budde han i Sioux City, der han også bygde opp eit symfoniorkester som han sjølv var dirigent for. La ned eit stort arbeid i det norske songarmiljøet, og vart vald til styreformann for den norsk-amerikanske songorganisasjonen i 1920 - eit tillitsverv som han hadde mest samanhengande til 1960.

Frå 1929 var Wick busett i Minneapolis, der han vart lærar, seinare professor ved Minneapolis College of Music. Han skipa også sitt eige selskap for publisering av musikkverk.

Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1947.

Bror til spelemannen Rasmus Rasmusson Vik (Båtevikjen).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.03.2010