Hopp til innhold
X
Innhald

Frode Grodås

Frode Grodås. Foto: Gorm Kallestad, Scanpix

Frode Grodås. Foto: Gorm Kallestad, Scanpix

Frode Grodås fødd 1964 i Hornindal. Fotballspelar og trenar. Grodås starta karrieren i Hornindal Idrettslag og kom til Sogndal fotball i 1982. Deretter spela han for Lillestrøm. Der var han med på å verte seriemeister i 1. divisjon (toppdivisjonen) i 1989.

Etter Lillestrøm-tida vart han proffspelar i dei engelske klubbane Tottenham og Chelsea. For Chelsea var han med på å vinne FA-cupen i 1997. Han har også spela for Schalke 04 i Tyskland, og avslutta karriéren som aktiv fotballspelar for Hønefoss.

Han var trenar for HamKam frå 2005 til 2006, og frå 2006 keepertrenar for Lillestrøm. Frode Grodås spela 50 landskampar for Noreg og var målvakt på det norske landslaget m.a. då Noreg slo Brasil 2-1 i VM-kampen i 1998.

Frode Grodås i aksjon. Foto: Cornelius Poppe, Scanpix.

Frode Grodås i aksjon. Foto: Cornelius Poppe, Scanpix.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 29.01.2021