Hopp til innhold
X
Innhald

Gamle ferdslevegar

Gamle Honndøla bru på Den trondhjemske Postvei. Foto: Olav Jakob Tveit.

Gamle Honndøla bru på Den trondhjemske Postvei. Foto: Olav Jakob Tveit.

Gamle ferdslevegar

I tillegg til hovudferdsla på Hornindalsvatnet mot Nordfjordeid og Den trondhjemske Postvei sørover mot Faleide og nordover til Hellesylt, gjekk det i gamel dagar også gangstiar over Kviven til Austefjorden på Sunnmøre, gjennom Knutsdalen i indre Hornindal til Skår ved Strynevatnet, og frå Taraldset til Bø i Stryn. Før postvegen vart bygd mellom Grodås og Faleide, var den lettaste vegen mot Stryn gjennom Markane. - Sjå elles samleartikkelen om gamle ferdslevegar og nye vegplanar mot Sunnmøre gjennom Kviven.

Hesteskyss på vegen frå Hornindal til Øye på Sunnmøre.

Hesteskyss på vegen frå Hornindal til Øye på Sunnmøre.

Den trondhjemske Postvei

Postruta Bergen-Trondheim vart opna som landpostrute i 1785, med postføring ein gong i veka, og med sju postopneri frå starten. Kirkhorn var første poststaden i indre Nordfjord. Postopnarane hadde hovudansvaret for postomdelinga innan sine ruteavsnitt. Mellom postopneria låg det såkalla postgardar som hadde ein meir underordna rolle. Den trondhjemske Postvei vart bygd gjennom Sogn og Fjordane frå 1780 og til 1806 etter ein plan som vart utarbeidd av vegløytnant Christian Junghans og postkanselliråd Jens Schanche i 1775. Den trondhjemske Postvei gjennom Hornindal reknar ein med var ferdigbygd i 1795. Mellom Nordfjorden og Sunnylvsfjorden gjekk postvegen frå Faleide, gjennom Markane, over Kjøsahalsen til Kirkhorn, og så austover dalen til Hellesylt på sunnmørssida. Det var skysstasjon og gjestgiveri på Grodås, og skysstasjonar på Haugen og Kjøs. Over same lina som Den trondhjemske Postvei vart det seinare bygd ein betre køyreveg. Den kjende Honndøla bru i indre Hornindal vart bygd i 1810.

Kjøshammaren ei hindring

I 1838 vart det starta arbeid med ny veg over Kjøsahalsen, men arbeidet gjekk tregt, for den vart ikkje fullførd før i 1854. Vegen over Kjøsahalsen vart avløyst av ein køyreveg langs Hornindalsvatnet i 1904. For å passere den stupbratte Kjøshammaren, måtte ein byggje ein såkalla halvtunnel framom hammaren. Dette gjorde vegen svært rasfarleg. Isras og stein gjorde det livsfarleg å ferdast framom hammaren. I 1924 hende det ei dødsulukke på vegen under hammaren: Ein stor isklump hadde ramla ned frå fjellveggen då Mathias Kjøs kom køyrande med hest og slede. Han rakk ikkje å styre unna isklumpen, og både Kjøs og hesten vart kasta på vatnet, der Mathias drukna. Ein mann som sat på sleden, fekk tak i vegrekkverket og berga seg. I 1968 vart det bygt tunnel på 813 meter gjennom Kjøshammaren. Det meste av fyllmassen vart nytta til ei fylling over Kjøspollen og dermed omlegging av riksvegen sørover. Denne hadde tidlegare gått til Fossebakken aust for Kjøspollen.

Hesteskyss på vegen ved Kjøshammaren rundt 1910. Foto: Jens K. Maurseth. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Hesteskyss på vegen ved Kjøshammaren rundt 1910. Foto: Jens K. Maurseth. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.03.2011