Hopp til innhold
X
Innhald

Gruvedraumar på Nes

Nes ved Hornindalsvatnet (til høgre i biletet), der det var planar om koparutvinning. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nes ved Hornindalsvatnet (til høgre i biletet), der det var planar om koparutvinning. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1919 fann Lars Wedvik frå Nordfjordeid koparkis og svovelkis i Raudegjølet i utmarka ovanfor gardane Nes ved Hornindalsvatnet.

Han fekk skrive ut skjerpesetel i 1920 og mutingsbrev (løyve til utvinning) i 1922. Same året vart det slege fast at koparinnhaldet var nærpå seks prosent. Wedvik og kompanjongen Ivar Dalsæth freista å få norske gruveselskap interesserte i prøveutvinning, men tidene var dårlege, og ingen ville risikere pengar på feltet. I 1923 avslo Eid kommune eit tilbod frå dei to om å overta feltet, og heller ikkje Staten var interessert i å hjelpe.

Dei fekk så kontakt med ein norskætta ingeniør i Amerika. Han tenkte stort, og rådde dei m.a. til å byggje jernbane og utskipingskai for koparkisen på Nordfjordeid. Det vart teikna planar for ein jernbane over Bjørlo med utskipingakai vest for Os. Men den storfelte planen vart berre eit luftslott: Wedvik og Dalsæth gjekk endå nokre rundar med norske gruveselskap og kommunen før det var slutt i 1929. Då fekk dei ikkje fornya mutingsbrevet på feltet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.01.2011