Hopp til innhold
X
Innhald

Haakon Aasvejen

Haakon Aasvejen (1862- 1919). Fødd i Hegra i Trøndelag. Utdanna lærar.

Haakon Aasvejen (1862- 1919). Fødd i Hegra i Trøndelag. Utdanna lærar.

Dreiv saman med Johannes Aashamar Friskulen i Hornindal i 1888-1892, og Hornindal Folkehøgskule 1889-91. Etter tida i Hornindal var Aasvejen m.a. frå 1898 styrar ved Fjordane Amtsskule i Florø, og vidare frå 1900 då skulen vart flytta til Nordfjordeid.

Var ein av skiparane av Firda Mållag 1899, og formann i Firda Ungdomslag. Var med på oppropet om nynorsk salmebok 1905. Redaktør i Fjordabladet på Nordfjordeid 1900-1919. Gav saman med Rasmus Stauri ”Ungdomsskulen gjennom 50 år”.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.03.2008