Hopp til innhold
X
Innhald

Håkon Gausemel

Håkon Gausemel. Foto frå Jul i Nordfjord.

Håkon Gausemel. Foto frå Jul i Nordfjord.

Fire av bøkene til Gausemel. Foto frå Jul i Nordfjord.

Fire av bøkene til Gausemel. Foto frå Jul i Nordfjord.

Håkon Gausemel (1921-2004) frå Gausemel i Hornindal, busett i Førde. Jordskifteteknikar. Han gjekk snikkarskule i heimbygda, på middelskule og gymnas på Nordfjordeid, og på lærarskule i Volda. Men han måtte avbryte lærarutdanninga på grunn av sjukdom. Han var likevel lærar ei tid, i Otterdal og Markane.

Frå 1953 til han vart pensjonist i 1985 var Gausemel tilsett som jordskifteteknikar ved jordskifteverket i Førde.

Gausemel har gjeve ut fem bøker med dikt og forteljingar, dei mest kjende er "Like for like" (1951), "Over fjellet" (1957), og diktsamlinga "Far i graset" (1956). Han var i tillegg ein flittig bidragsytar med noveller til vekeblad, julehefte og aviser.

I ungdommen var han m.a. leiar i Hornindal Ungdomslag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.11.2011