Hopp til innhold
X
Innhald

Helsestell i Hornindal

Hornindal sjuke- og aldersheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hornindal sjuke- og aldersheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ragnhild Fredriksdotter Lødøen (1836-1920) var jordmor i Hornindal frå 1865 til 1902, men vikarierte ofte seinare og tok imot det siste barnet sitt i 1916, då ho var 80 år. Foto frå Historisk årsskrift, Hornindal Historielag.

Distriktslegane

Den første distriktslegen for Fjordane vart tilsett i 1802. Det var bergensaren Christian Bonning Uchermann (1762-1844). Han tok bustad på Faleide like vest for Stryn, men hadde til oppgåve å dekkje eit distrikts som strekte seg heilt sørvest til Solund. >

  • I 1936 vart Nordfjord eige legedistrikt med distriktslegen plassert på Nordfjordeid.
  • I 1857 vart indre Nordfjord med kommunane Gloppen, Innvik, Stryn og Hornindal eige legedistrikt
  • I 1879 vart Indre Nordfjord delt i to legedistrikt – eitt for Gloppen og Breim og eitt for Innvik, Stryn og Hornindal.
  • Hornindal fekk eigen distriktslege i 1980.

Hornindal Aldersheim

vart bygd i 1937. Ny sjuke- og aldersheim vart bygd i 1981.

Huset Vårt

- sjå Hornindal Aldersheim.

Hornindal alders- og sjukeheim

vart opna i 1981.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 28.02.2011